Stillingsannonse

Kommunedirektør

Vi ser etter ein røynd, drivande og utviklingsorientert leiar med brei erfaring og god kjennskap til offentleg verksemd. 

Som kommunedirektør vil du få ei nøkkelrolle i å leie kommunen inn i framtida. Vi ønskjer ein toppleiar som evnar å sjå heile kommunen, identifi sere nye moglegheiter, og føra vidare samarbeidet mellom politikk og administrasjon. Du skal bidra til å utvikle kommunen gjennom samarbeid og medverknad på alle nivå.

Arbeidsoppgåver

SØK PÅ STILLINGEN

Søknadsfrist: 14.3.2025

Sted: Bø i Telemark

Rådgiver:
Per Inge Hjertaker
per.hjertaker@headvisor.com
917 29 682

  • Vere ein tydeleg og inspirerande rollemodell
  • Leie arbeidet med å realisere kommunen sine verdiar, mål og visjonar
  • Vidareføre den gode dialogen mellom politisk og administrativt nivå, og følge opp politiske vedtak
  • Setje realistiske mål og fi nne innovative løysingar for å nå desse
  • Vidareutvikle kommunen som ein open, tilgjengeleg og digital tenesteytar
  • Sikre godt samarbeid med lokale, regionale og nasjonale aktørar både i formelle og uformelle arenaer
  • Fremje eit utvida partsarbeid med tett samarbeid med arbeidstakarorganisasjonar og vernetenesta, utover det lovverket pålegg

Ønskja kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring på tilsvarande nivå, og helst med noko bakgrunn frå kommunal eller offentleg sektor
  • God forståing for kommunal/offentleg økonomi, planarbeid og lovverk
  • Erfaring frå endringsarbeid med gode resultat
  • Relevant utdanning på masternivå frå høgskule/universitet. Anna relevant utdanning/erfaring kan kompensere for formelle krav
  • Søkjar bør kunne meistre begge målformer

Personlege eigenskapar

  • Analytisk med eit strategisk heilskapleg perspektiv, men og med god evne til å ta avgjerder og skape resultat
  • Dokumentert evne til samarbeid, medverknad, dialog og tillitsbygging
  • Sterke kommunikasjonsevner, rausheit og engasjement som inspirerer

Vi tilbyr

  • Introduksjonspakke for nytilsette leiarar
  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Her kommer noen grunner for hvorfor du bør bli en del av oss!

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter 

Med heimel i Offentleghetslova §25 er arbeidsgjevar forplikta til å informere søkjarar om at informasjon om dei kan bli offentleggjort, sjølv om dei har bedt om unnatak. Midt-Telemark kommune vil informere søkjarar som har bedt om unnatak, dersom vi ikkje kan etterkome deira ønske.

Ønsker du ytterligere informasjon om stillingen eller vi ta en uformell prat, ta kontakt med vår rådgiver Per Inge Hjertaker hos Headvisor tlf. 917 29 682, Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland kan også kontaktes på tlf. 986 49 474. 

Alle henvendelser til Headvisor blir behandlet konfidensient inntil annet er avtalt. 

Midt-Telemark er ein kommune med spennande moglegheiter og ein attraktiv plass å bu, studere og drive næringsverksemd. Vi er stolte over å vere på landstoppen i innbyggjarvekst, og som studie- og handelsbygd ønskjer vi å leggje til rette for utvikling i regionen. Kommunen har om lag 11.000 innbyggjarar, og ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionsenter og handelssenter og Gvarv som lokalsenter. Vi er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafi kknutepunkt i Sør-Øst Norge med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a med berre to timar til Oslo og litt over to timar til Kristiansand med tog. Midt-Telemark kommune har eit variert næringsliv med sterke tradisjonar innan landbruk, der vi kan skryte av å vere fruktbygda i Noreg, kvart tredje norske eple kjem frå oss! Vi er óg ein reiselivskommune med fyrtårna Bø sommarland og Telemarkskanalen. 

Les mer om Midt-Telemark kommune

Powered by Labrador CMS